Last ned gratis novellesingel!

I august kjem Rune F. Hjemås si nye novellesamling Indianarar ut på Det Norske Samlaget. I desse 19 novellene møter vi unge og gamle menneske som på ulike måtar opplever at kvardagslige situasjonar brått kan snu og bli noe anna — alt skildra i det same presise, poetiske språket som prega Hjemås sin kritikarroste debut Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd frå i fjor.

Som ein forsmak på Indianarar, byr vi no på ein heilt gratis «singel» til fri nedlasting frå forfattaren og forlaget sine heimesider. Her finn du dei to novellene «1977» og «Seklets siste sommar» frå boka, pluss at du — i tråd med god singelskikk — får med to b-sider eksklusivt for singelen.

Vi oppfordrar hermed til nedlasting, opplesing, utprøving, innleving og vidarespreiing. Snurr singel!

Klikk her for å laste ned!


Rune F. Hjemås (f. 1982 i Trondheim) debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd. Indianarar er den andre boka hans.