Innbilt nostalgi, omtrent som eit innbilt svangerskap; eg går rundt og ber på noe som ikkje finst.
Monthly Archive for mai, 2008
«Prosaen kan gjerne vere kort, men ein må skrive dei forbanna linjene heilt ut, om ein så skal fornekte både far og mor og bryte med alle kjærastar for å få det til.»
(Ragnar Hovland, Sjølvmord i Skilpaddekaféen)
VI HAR SLÅTT OPP telt i hagen, ligg ved sida av kvarandre og hører Sun King med The Beatles, ein mikskassett eg har laga, du seier at du skulle ønskje vi kunne reise langt vekk. Niagara, seier du, har du sett Niagara, det er jo bare vatn, seier eg. Og himmelen over Hawaii, seier eg før deg, er ikkje den akkurat den same som himmelen her? Kan du ikkje få deg ein jobb? seier du, kva er det du vil bort frå? seier eg, slik held vi på og latar som om det er ei samtale, det er meir eit skodespel der vi byter på rollene: I kveld er du den eventyrlystne, eg den rasjonelle som forsøker å halde igjen, som forsøker å forklare at ein kan ha det like fint der ein er; kanskje ligg vi bare og oppdrar kvarandre, som om det alt fanst eit lite barn rundt oss vi måtte ta omsyn til, som bare satt heilt stille utanfor teltduken og lytta.