Det er vinter i lufta, vinter i lyset. Vinter i varmen inne og kulden ute. Hausten er over, og året er i ferd med å ski inn i sitt siste, mørke kapittel. For oss som har gitt ut bok, betyr det mellom anna at sceneteppet snart skal dras for, og at boka endelig skal få lov til å stå i fred i hylla. Begynne å samle støv, slik den var meint til å gjøre, heile tida. Det har vore ein spennande haust, med opplesing både i Trondheim, Bergen og Oslo. No gjenstår det bare ein post på programmet, men til gjengjeld ser det ut til å bli ein fin finale. Debutantdagene på Litteraturhuset ber med rette prefikset «De store», for ikkje mindre enn 36 forfattarar skal presenterast, og presentere seg sjølv, i løpet av dei to dagane i desember. Eg gleder meg til å høre korleis Erlend Loe kjem til å introdusere meg — det er ingen hemmeligheit at han sjølv var ein viktig forfattar for meg da eg gikk på vidaregåande og trong eit forbilde med eit skruppellaust forhold til grammatikk og setningsbygging. Eg skreiv til og med særemne om Loe den gongen, og den 4. desember, for dei tre minutta det kjem til å ta å bli introdusert, kan det hende at eg kjenner det som om rollene er bytta om. Og da gjør det ikkje så mykje at bokhausten er over. Året 2008 vil bli ein slutta sirkel, det óg, og eg kan sette meg på toget heim utan noen andre planar enn å ete så mykje og usunt som mulig dei siste par dagane før 2009 plutselig skal vere der, som eit uendelig stort og kvitt laken.
Author Archive for RFH
Ein armé av topptrena sjimpansar, som eg har tilsett for å overvake Internett døgnet rundt, kan no rapportere om fleire treff på namnet mitt ute i den såkalla bloggverda. Eg les med stor interesse (får eg vel innrømme), og ettersom det aller meste er svært hyggeleg lesing, ser det ut til å gå mot ein aldri så liten bananfest i kveld. Her er rapporten:
+ Denne anbefalingen er en mixteip av minner (Strekhjerte)
+ Rune F. Hjemås - Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd (Tanker fra en supertenker)
+ Nye debutanter, gamle favoritter (Rullerusks rablerier)
+ Kassetter med kassetthjul (amazed)
Seriøst altså, folkens. Eg er utruleg smigra. Tusen tusen takk!
Jan Roar Leikvoll til venstre, Erlend O. Nødtvedt til høgre, meg midt i mellom.
Foto: Studvest.
Rykande ferske buttons har endeleg komme frå trykkeriet i Tyskland! Eg og samlagskollega M. Karlsvik (som kjem med romanen Pol seinare i haust) har designa fem ulike buttons kvar, og er utruleg nøgde med resultatet! I dag har vi pakka dei i små smågodtposar som vi kjem til å vandre rundt og gi til alle butikkar som har vore snille i år, slik at alle menneske som óg er snille kan komme innom og få. Ja, dei er gratis! Som luft og kjærleik! Hald auga opne, hald jakkeslaget klart. På måndag drar vi til Bergen.
11. september har vore mykje dei siste åra. Det har sjølvsagt vore nyheitsreportasjar i dag — sju år etter — etterlatne, minnesmonument, reprisar av to skyskraparar som for alltid vil fortsette å kollapse og kollapse i den vestlege kvite manns minne. 11. september som éin gong var alt dette i real time, og som no sju gonger har vore det i reprise. Og kanskje er det etter kvart det eg har begynt å assosiere datoen mest med: Den påminninga den alltid bærer med seg, om at - oi, no er det jammen enda eit år lenger sidan.
Sju år, kis. Det er faenmeg lenge.
For mens tvillingtårna kollapsa og kollapsa på alle tv-skjermar over heile verda, så var det, og er det, 2001 i lufta og utanfor vindauga og i trea og i jamringa frå kattane i bakgarden. Og 2001 var óg eit viktig år blant alle åra mine, det var det året eg slutta på videregåande og begynte på universitetet og var ung og hadde heile livet framfor meg, og kvar 11. september kjem det susande og treffer meg som eit kapra fly i hofta; kor absurd lenge sidan det begynner å bli.
Og eg kollapsar.
Og kollapsar.
Og kollapsar igjen.
På trikken på veg til jobb i dag tidleg kjørte eg forbi eit par Kaffebrenneriet som hadde duka opp til uteservering i eit forsøk på å etablere dagen i dag som Den Store Kaffidagen. Hm, eg lurer på om dei lykkast? Uansett skal vi vere glade for at 11. september kanskje begynner å vise teikn til å kunne bli noe meir, etter kvart, enn bare ein haug med reprisar. Eg tenker på dette: Halv to i dag ringte David frå Samlaget og fortalte at førsteeksemplaret av boka mi hadde komme frå trykken. Så her er den, plutseleg, den boka med mitt namn på framsida som eg har drømt om i så mange år. Den er utruleg fin. Og eg bare seier det — neste 11. september, i tillegg til ein ny runde med røyk og flammer og betong, da vil det vere ei bok å ta fram frå hylla. Bla litt i og tenke; faen, er det verkeleg eit år sidan allereie.
A.
The water running down my cheeks, pasting the hair to my head, whizzes like skis downhill, I think, trying to make time last longer, staying inside the narrow shower, for long, until something sounding like the phone makes me turn the water off. I stay still listening for the signal, dripping, but it doesn’t come back. Instead I hear someone singing, a light voice without vibrato, the sound must come from the crack in the wall where the water pipe disappears, from the bathroom of the flat just above me. And without noticing I start humming along, it’s a song I know well, Stina Nordenstam, one of these cds my girlfriend always puts on, the words come to me and I sing loudly until I abruptly stop, afraid that someone might have heard me. Silence. A couple of seconds of complete silence until I hear the voice again. She continues from where I stopped, sings a couple of lines more. I pick up, like a baton, the next couple of lines, and like this we finish the song, exchanged between the floors, like a duet, a kind of dialogue. Afterwards it’s silent again. The pipes whizz, she must have turned on the water of her sink or shower. I think the perfect thing now, would be if the sound reminded me of applause, a noisy audience cheering with excitement. But it’s not like that. It reminds me of the sound from a radio out of freqency, and I understand that perfect might be much further away than I thought at first.
B.
It’s summertime and no reason to expect much from what runs on TV. Still it’s good being able to fall into a chair and open a can of beer after a long day outside, to feel how the toil of everyday life lets go, oozing like some kind of invisible vapour out through the skin. I flip through the channels for a while, until I end up on tv2, just in time to see Jesus, the holy son, swagger out on the floor of the show Strictly come dancing. Well, this should be good enough, I think, staying there watching as a professional, female dancer grabs Jesus and drags him into something that quickly turns out to be a rather dull bossanova. I realize that it’s not exactly the strongest participant I’ve bumpted into, there’s something stiff about the way he moves, something insecure, like he’s not really able to let go. I like it better when they have actors or sports stars, I think, and soon I find myself pondering on who the next participant might be. Handball girls, that’s the thing! After a while a phone number shows up on the screen, and when the dance is over, the camera catches a close-up of Jesus’ and the female dancer’s faces. They’re smiling, trying to hide how tired they are after their bossanova effort, but one doesn’t need to be a rocket scientist to see through that. Jesus stares into the camera, bathed in perspiration, and from the movement of his lips I understand what he’s trying to say: Vote for me, please, me me me! But you can forget about my vote, I think, and that’s how life is. You can’t make everyone happy.
(Omsett av MARTE SYVERTSEN)
Og korleis var det den gikk, «Sleeping in my car - I will undress you / Sleeping in my car - I will caress you / Staying in the back seat of my car making up», herregud. Uansett: Haustkatalogen til Samlaget ligg ute på nett no!
Haustslepp i går, og i dag presenterar Jung Forlag fire tekstar frå den kommande bokutgivinga mi. Gå hit for å lese dei, og få to eksklusive b-sider med på kjøpet!







