Archive for the 'Indianarar' Category

G&B 1

Kristiansund lufthavn, Kvernberget. Regndråpane slår mot vindauget idet helikopteret løfter seg frå bakken og den vesle ringen av raude lyspærer forsvinn under oss. Eg er åtte, og held far i handa mens byen blir til hav og lastebåtar langt der nede, konturane av ein oljeplattform kjem til syne framfor oss i horisonten, og min einaste tanke er at eg skulle ønskje Jørn og Andreas kunne sjå meg no. Eg får låne ein kjeledress som er alt for stor, og eg må ha på meg hjelm. Far leier meg rundt og er minst like opptatt av å vise meg fram til kollegaene sine som å vise plattformen til meg, han seier ting som: Dette er gutungen, ja, og: Jo da, til hausten begynner han i tredje klasse. Eg ser ut på ein stor måke som sitt på gelenderet like utanfor vindauget, og eg begrip ikkje korleis han greier å halde balansen i den kraftige vinden.