About a book
Her er alt du treng å vite - og ein god del du ikkje treng å vite - om «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd».
EG ER IKKJE REDD, EG ER IKKJE REDD
sjanger: prosa
forlag: Det Norske Samlaget
isbn: 9788252172706
forventes utgitt: innen 12. sept 2008
pris: 249,-
sjå også samlagets nettsider
Omslag ved Jesper Egemar.
Forfatterportrett ved Herborg Pedersen.
Smakebitar frå boka:
» Slått opp
» Denne, og denne, og denne
» Ein av dei siste dagane
» Trikketankar
» Eit skarpt lys
Omtalar:
«Rune F. Hjemås har debutert med ei perle av ei bok. Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd er ei prosasamling det er umogleg å leggje ifrå seg før ho er ferdiglest. [...] Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd er ein sterk og velskriven debut frå ein forfattar som er vel verd å merke seg.»
SARA MYHREN KORNBERG, UNDER DUSKEN
«Det er tvillaust at mange av dei poengterte tekstene frå kvardagslivet så vel som dei som skriv seg ut av og vekk frå alle grenser i fri, fabulerande glede viser både evne og talent. [...] det er mange kjende forfattarar som har debutert mindre overtydande enn dette.»
HANS H. SKEI, AFTENPOSTEN
«Prosalyrisk debut med presise observasjoner og fortellertalent.»
LINDA KASPERSEN, ADRESSEAVISEN
«Rune F. Hjemås har levert en solid debut.»
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE
«Han ser litt ut som en sånn emo-fyr, så æ va litt bekymra da æ skull plukk opp boka - men æ vart frøktelig imponert da, og æ håpe det kjæm mere fra’n!»
MATHIAS SAMUELSEN, STUDENTRADIOEN I TRONDHEIM
«Rune F. Hjemås syner med godt handverk og stor sensitivitet at han verkeleg har noko å fare med som forfattar.»
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
«Jeg døper deg herved til litteraturens Conor Oberst.»
LINDA KLAKKEN I MELDING PÅ UNDERSKOG
*
Eg drar ein krakk bort til kommoden og begynner å rote i den øvarste skuffa, der finn eg ein svart kassett med rester av gammal scotchteip over beskyttelseshola som eg legg i spelaren. Pressar play. Og eg veit ikkje kvifor eg sitt her nede og lengtar tilbake til noe eg aldri har opplevd, kva det er som drar meg ned hit når eg eigentleg heller vil sitte oppe, spele TP og vere ungvaksen saman med dei andre. Men kassetthjula snurrar, slik dei snurra ein gong for lenge sidan, før mor blei dårleg og inneslutta, før alt dette, da eg bare var ein fjern tanke som ingen av dei torde å seie høgt.
Gjennom korte, presise tekstar fortel Rune F. Hjemås om menneske som ikkje vil vere redde, som prøver å finne seg til rette, men som av og til kjem borti feil knapp når dei vil spole tilbake til tida da verda kunne betraktast på trygg avstand «gjennom ei beskyttande flate av glas». Tekstane spenner frå realistiske kvardagssituasjonar til absurde fabuleringar, frå notid til fortid og tilbake til notid igjen. Fast forward, rewind, record. Kassetthjula som snurrar, heile tida.
Denne boka er ein miksteip.


0 Responses to “Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd”
Leave a Reply