OM BOKA | UTDRAG | MELDINGAR | BLOGG | KJØP BOKA
VI HAR SLÅTT OPP telt i hagen, ligg ved sida av kvarandre og hører Sun King med The Beatles, ein mikskassett eg har laga, du seier at du skulle ønskje vi kunne reise langt vekk. Niagara, seier du, har du sett Niagara, det er jo bare vatn, seier eg. Og himmelen over Hawaii, seier eg før deg, er ikkje den akkurat den same som himmelen her? Kan du ikkje få deg ein jobb? seier du, kva er det du vil bort frå? seier eg, slik held vi på og latar som om det er ei samtale, det er meir eit skodespel der vi byter på rollene: I kveld er du den eventyrlystne, eg den rasjonelle som forsøker å halde igjen, som forsøker å forklare at ein kan ha det like fint der ein er; kanskje ligg vi bare og oppdrar kvarandre, som om det alt fanst eit lite barn rundt oss vi måtte ta omsyn til, som bare satt heilt stille utanfor teltduken og lytta.

DENNE, OG DENNE, OG DENNE, sa Kristin, men da ho såg at eg blei uroleg, skynda ho seg å legge til: Eg skal vere rask. Ok, sa eg og gikk ut av butikken der eg hadde sett ein benk da vi kom. Her ville eg sitte. Ved sida av benken sto eit akvarium, og eg blei sittande og følgje med på den travle kvardagen som utspelte seg der nede blant fiskane. Etter kvart begynte noen av dei å utvikle små bein på sida av kroppen, og snart skilde hovuda seg tydelegare ut. No såg eg at eit par hadde komme seg opp til vassflata, og før eg visste ordet av det, hoppa dei ut over kanten og ned på golvet. Skapningane, som no mest likna øgler, tok til å krype rundt og strekke seg opp langs veggar og utstillingsvindauge, snart var dei oppe og gikk på to, og eg skjønte kva veg det bar. Og ganske riktig, etter ein periode som apeliknande bomsar såg dei no ut som menneske, ei heilt vanleg gruppe med eldre gubbar på eit stort senter i ein liten by i eit knøtt lite land. Eg flytta den eine foten over den andre. Orsak, sa den eine av gubbane og kom bort til meg. Eg lurer bare på om du veit kor mykje klokka er. Å, sa eg, om de spring så rekk de nyheitene. Han snudde seg mot dei andre og veiva med handa. Kom an, gutar! sa han, og så fór dei sin veg. Etter ei stund kom Kristin ut frå butikken. Dette gikk jo raskt, sa eg, men eg trur ikkje ho fikk med seg ironien. Ho smilte bare og såg på meg. Har du pengar? sa ho.

EIN AV DEI SISTE DAGANE av ferien og vi er lenge oppe, cola og Counting Crows, det er noe i deg som visnar kvar haust, seier du, noe som aldri kjem tilbake. Og du opnar takvindauget, vi pressar oss ut, står i sofaen med overkroppane stikkande ut i restane av sommaren, du peiker mot det eine takhjørnet og fortel at noen fuglar har bygd reir under takskjegget der. Ein dag, seier du, fall det ned eit egg og knuste mot steinhellene, bang, seier du, og eg seier at kvar gong noen dør blir det født noen andre, og du svarer at det veit vel alle. Og over oss på himmelen rivnar ei sky langsamt, løyser seg opp som ein fugleflokk i sakte film, som kakaopulver i kald mjølk. Bak oss går noen opp trappa, tunge skritt, faren din, no tar han tak i dørhandtaket, røskar, eg ser på deg og spør kvifor du har låst. Du blir ståande og sjå ut over fjorden, ikkje ein båt er å sjå, og håret ditt blæs i ansiktet mitt, prikkande nyvaska. Eg trekker pusten for å seie noe, gjenta spørsmålet, men så snakkar du, lågt og langsamt, ber meg hjelpe deg ut på taket, gi deg ein dytt. Og i stilla etterpå finn eg ingenting å seie, blir bare ståande i vinden, som sett på pause. Flimrande stillbilde, pusten i halsen.

TRIKKETANKAR, slike ting du bare les om: Plutseleg merkar du at trikken ikkje kjører den vanlege ruta, du får beskjed over høgtalarane om å halde deg fast, så aukar farten kraftig og du blir kasta tilbake i setet, legg så vidt merke til landskapet utanfor som fer forbi, vrir seg rundt, trikken gjer ein loop, eit sug i magen og håret i ansiktet idet han stansar; du sjanglar ut, forelska igjen, og leppene klissete av sukkerspinn.

EIT SKARPT LYS på kveldshimmelen, noe som først fikk meg til å tenke at eit glasskar hadde kilt seg fast der oppe, vi sto ute på verandaen og det dufta nesten svimlande av syrin frå buskane som strakte seg inn over gelenderet, ho som hadde ropt oss ut heldt ein sigarett mellom fingrane som ho peikte mot himmelen med, kva trur de det kan vere, gloa frå sigaretten nærma seg lyset på himmelen, for sterkt til å vere ei stjerne, for urørleg til å vere eit fly, men likevel fanst det heilt sikkert ei naturleg forklaring som vi ikkje greidde å komme fram til der og da, eit eller anna som eg kjente at eg heller ikkje ønskte å komme fram til, eg løfta glaset og lét to punsjblaute melonbitar gli langsamt inn i munnen, eg sluttar aldri å håpe, tenkte eg mens eg stira på lyset og prøvde å sjå for meg korleis byen ville sett ut der oppe frå, lyktene som lyser opp vegar, garasjeportar, togskjener, mens vi ligg inne i mørket og søv, usynlege.